|
Kyrkja - Jomfru
Marias synål - "Lønnqangen"
Olavskyrkja
- Steinkyrkje frå ca. 1250 e.Kr.
Det må ha stått ei trekyrkje på Avaldsnes før
1024 då kong Olav Haraldsson lydde messe her. Den nåverande
kyrkja i stein vart bygd av kong Håkon Håkonson mellom
1248 og 1263. Dekorative unggotiske detaljar knyter henne nært
til samtidige bygningar i Bergen. Kyrkja vart vigd til Olav den heilage
- rex perpetuus Norvagiae (Norges evige konge).
Kongeleg kapell
Olavskyrkja var kollegiatkyrkje og det fjerde av dei fjorten kongelege
kapella i Norge. Det innebar at kongen valde prestar til kyrkja sjølv.
Kyrkja forfall etter reformasjonen. Futen i Ryfylke, Holger Bagge,
reparerte koret i 1560. Difor
finn vi han og kona Christine Lavransdotter sine initialer i jern
på korgavlen.
Kyrkja til
nedfalls
Skipet vart ståande som ruin, men ca. 1630 vart det bygd eit
treskip i samband med koret innanfor dei delvis nedrasa murane. l
1725 kom kyrkja i privat eige og forfallet heldt fram.
Vølinga
tek til
I 1830 vart kyrkjelyden eigar av kyrkja, og ei større vøling
vart gjennomført i 1839. Då forsvann det etterreformatoriske
kyrkjeinventaret. Ei større restaurering som vart sett i gang
i 1922 då det store tårnet vart bygd, gav denne prektige
kyrkja tilbake noko av sin gamle venleik.
Jomfru Marias
synål -
Bautastein frå jernalderen (ca. 300-1000 e.Kr.)
Ein ca. 7 m høg bautastein står ved nordveggen av kyrkja.
Han ber namnet Jomfru Marias synål.
Runeinnskrift
Ei runeinnskrift som nå er borte, kan gi forklaring på
namnet. Ho er tolka slik: "Mikael nest (etter) Maria". Ordlyden
kan ha levd etter at den eigentlege meininga var blitt borte. Ordet
nest som liknar på verbet nesta - å sy - kan ha skapt
tanken om eit kvinneleg gjeremål knytt til Maria.
Segna om dommedag
Truleg er bautasteinane reist i førhistorisk tid over ein avdød
og runene hogde inn i mellomalderen, fleire hundre år seinare.
Segna fortel at den dagen bautasteinen rører borti kyrkjeveggen,
vert det dommedag. Prestane på Avaldsnes skal difor fleire gonger
ha slått av toppen på steinen etter kvart som han seig
inn mot veggen.
Utskore
biletfelt i preikestolen
som framstillerapostelen Markus
Bautastein
sør for kyrkja
Det skal også ha stått ein ca. 9 m høg bautastein
på sørsida av kyrkja. Den er nå heilt borte.
|