
Høvdingsete
- Kongsgard - Prestegard. Frå ca. 300 e.Kr. til i dag.
På begge sider
av Karmsundet er det kjent funn og fornminne som fortel om tett busetnad
like tilbake til steinalderen. Dei store gravhaugane på Reheia på
Utvik vitnar om at distriktet må ha vore sete for mektige slekter
alt i bronsealderen (ca. 1800-500 f.Kr.).
Garden Avaldsnes
Sentralt ved leia gjennom sundet ligg garden Avaldsnes. Tradisjonen seier
at han har namn etter segnkongen Augvald som skal ha levd i eldre jernalder
(før 600 e.Kr.).
Kongsgarden
Under rikssamlinga vart Avaldsnes ein av Harald Hårfagre sine kongsgardar.
Han døydde kanskje her ca. 933. Også for seinare kongar vart
garden eit viktig støttepunkt i den rikspolitiske organiseringa utover
i mellomalderen.
Den nåverande
kyrkja (post 2 på kartet) vart bygd av kong Håkon Håkonson
mellom 1248 og 1263. Kongane hadde årmenn til å styra garden
for seg. I 1322 heldt lagmannen lagting på Avaldsnes, men dette vart
før 1351 flytta til Stavanger.
Ein tradisjon fortel
at hanseatane hadde sin første handelsstasjon i Norge på Nottå
under Avaldsnes, før dei sette seg til i Bergen. l ein strid med
kong Håkon 6. sette hanseatane fyr på kongsgarden i 1368. Tunet
på kongsgarden låg truleg der det i dag er parkeringsplass like
sør for kyrkjegarden.
Høvdingsetet
Den som hadde makta her og kontroll med ferdsla gjennorn Karmsundet, hadde
kontroll med Sørvest-Norge
Eit gravfunn frå Flaghaugen (post 3 på kartet) er eit av dei
rikaste i sitt slag frå eldre jernalder i Norge og peikar Avaldsnes
ut som eit viktig høvdingsete alt ca. 300 e.Kr.
Prestegarden
l seinmellomalderen miste Avaldsnes rolla som kongsgard.
Han heldt fram som prestegard for Avaldsnes prestegjeld. Stabburet på
parkeringsplassen er det einaste som finns att av det gamle prestegardstunet
På 1700- og 1800-talet var Avaldsnes ei tid på nytt eit økonomisk
og administrativt sentrum i Karmsundet. Då var det handelsstad, gjestgiveri
og tingstad på Gloppe (post 5 på kartet).