
|
Rehaugane er blant våre mest storslåtte minne frå førhistorisk tid. Dei største er over 30 m i tverrmål og omlag 5 m høge. Bygningsmaterialet er hovudsakeleg grastorv. For å byggja den største haugen måtte ein truleg spa torv frå eit areal på 20 mål. Ein veit ikkje kor mange tusen dagsverk som gjekk med. Kven var dei som hadde så stor makt og rikdom at dei kunne la byggja slike minnesmerke for seg og sine? Overklasse Gravfeltet
på "Bloheia" |
![]() |
6 Rundhauger af en
Størrelse fra 118 til 160 Skridt i Omkreds;
16 Rundhauger, deraf dog en tvivlsom, af en Størrelse fra 54 til
95 Skridt i Omkreds;
15 Rundhauger, hvoraf en tvivlsom, af en Størrelse fra 34 til 19
Skridt i Omkreds;
7 Firkanter; 1 Bautastein, ødelagt.
Av alt dette er det
fram til i dag teke vare på seks gravhaugar og den øydelagde
bautasteinen som no er restaurert (merka med grønt på kartet).
Elles har truleg namnet "Bloheia" eit folkeleg opphav. Snorre
fortel om eit slag mellom Håkon den gode og Eiriksønene ved
Karmsundet. Tradisjonen har knytt saman denne hendinga og dei mektige gravminna
på Reheiå.