
Hovdastadrudlå er omlag 15 m i tverrmål nord-sør og 23 m aust-vest. Høgda er sume stader opp til tre m. Røysa har opphavleg vore høgare. Det er rasa ut mykje stein og dessutan grove ut to hòl midt i. Slik Hovdastadrudlå ligg plassert på denne høgda vel 80 m over havet, må ho til alle tider ha vore godt synleg.
Kva veit vi om gravrøysa?
Hovdastadrudlå er ikkje undersøkt av arkeologar. Dei to hòla
i midten kan delvis skuldast at gravkammer inni røysa har rasa saman
eller at gravrøvarar har vore på ferde. Kva Hovdastadrudlå
i dag gøymer av spor etter den eller dei gravlagde, kan me berre
gissa på. Men slik ho er bygd av grov stein og slik ho ligg til, særs
utsett for vær og vind, er bevaringstilhøva truleg dårlege.
Byggjemåten, storleiken og plasseringa peikar i retning av ei tidfesting
til bronsealderen, ca. 3500 - 2500 før notid.

Kvifor blei Hovdastadrudlå
bygd?
Røysa er bygd som eit gravminne etter ei kvinne eller ein mann som
har halde til her i området truleg ein gong i bronsealderen. Vi kan
berre gissa på kor mange dagsverk det gjekk med til å byggja
gravminnet, men dei var nok ikkje få. Dette kan gje næring til
å tru at det her i området, og fleire stader lengre nord på
Karmøy, var utvikla velorganiserte samfunn allereie for meir enn
tre tusen år sidan. Desse var tufta på ein konsentrasjon av
jord og tilknyting til viktige handelsvegar. Styringa kunne liggja i hendene
på ein overklasse med så stor økonomisk og sosial makt
at dei kunne la byggja ruvande minnesmerke som Hovdastadrudlå.