
Bruk
Ut frå storleiken kan vi seia at naustet husa båtar opp til
ei lengd på 22 m og med ein største breidde på 4 m. Frå
600-700-talet kjenner vi i dag båtar på 18 meter, medan det
kjende Osebergskipet frå omkring 850 e.Kr. var 21,5 m langt. Truleg
har nausttuftene og vore nytta på andre måtar. Ved undersøkingar
av førhistoriske nausttufter på Nord-Jæren har ein t.d.
funne store mengder brot etter såkalla spannforma leirkar. Mykje tyder
på at desse kara blei masseproduserte i våre område på
denne tida. Kanskje var naustet lagerplass for vidaresal per båt?
Funn frå undersøkte tufter, slik som fiskekrokar, knivar, spikrar
og naglar av jern, bryne, restar etter tretiner o.l. syner elles attende
til sjøbruk. Ein kan vel heller ikkje sjå bort frå at
nausta kan ha vore nytta til bustadføremål, m.a. er det funne
eldstader i fleire av dei.
Strandastøa
Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at vi finn ei førhistorisk
nausttuft i Strandastøa. Staden har rike historiske tradisjonar som
hamn og møteplass heilt fram til våre dagar.
Post
1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post
3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post
5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft