
Grava
Gravkista var 1,3 m lang, 0,4 m brei og 0,3 m høg. Ho var bygd opp
av heller på alle sider, i botnen og som lokk. Kista stod i eit ikring
2,5 m vidt brannflak med trekol og brende bein forutan ikring 130 båtsaum.
Den døde er blitt lagt med fullt utstyr i ein båt som deretter
er blitt sett eld på. Etter likbrenninga blei dei mange gravgåvene
samla saman og lagde for seg i den oppmura kista, medan båtrestane
blei lagde rundt denne under eit lag kuppelstein. Over dette blei det så
bygd ein stor
haug av grus og sand.
Gravgodset
Gravkista inneheldt over femti gjenstandar. Funna syner at det var ein mann
som blei gravlagt her. Han hadde fått med seg fullt våpenutstyr;
eit tveegga sverd, spyd, øks, åtte piler og fire skjold. Ein
hammar, ei tang og eit trådjern tyder på at han var smed. Ein
høvel, ein kniv og eit skavjern vitnar om at han også må
ha drive som snikkar. Elles hadde han fått med seg saks, eldstål,
kniv, sigd, skiferbryne, fiskesøkke, klebersteinsgryte og kam. Det
mest interessante er likevel seks spelebrikker av bein, seletøybeslag,
to beisel og to stigbøylar.
Funna daterer ryttargrava til første halvdelen av 900-åra,
gjerne i Kong Håkon den gode si tid.

Post
1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post
3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post
5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft