
|
To rundhaugar frå jernalder Langs heile høgdedraget
frå Presta-Varhaug lengst i nord, ligg det fleire gravminne.
Mest iaugnefallande er den store haugen som ligg innanfor gjerdet
til den nye kyrkjegarden. Haugen er rund, omlag 24 meter i tverrmål
og 3 meter høg. Han er skadd i toppen og i søre kanten.
Kan henda har her vore gravplyndrarar på ferde? |
Ikkje undersøkte
Av alle dei mange store gravminna langs kulturstien, er berre eitt utgrave
(sjå post 5). Vi kan derfor ikkje seia
noko sikkert om alderen. Ut frå form og storleik trur vi at dei er
frå jernalderen som varar frå omlag 500 f.Kr. til 1000 e.Kr.

Gravskikk i jernalderen
Gravskikkane i jernalderen var mangfaldige, men skikkane endrar seg i løpet
av dette lange tidsrommet på 1500 år. Mest vanleg form på
gravminnet var den runde gravhaugen slik som desse to haugane ved kyrkja
er gode døme på. Ofte blei gravene lagde på stader som
var godt synlege i terrenget frå gardane i bygda. Slik kunne ein sjå
gravstadene og minnast dei døde.
Sentral stad
Kyrkja i Strand er i dag omkransa av fleire store gravhaugar. Då folk
i kristen tid bygde gudshuset sitt på høgdedraget, valde dei
å plassera kyrkja på den mest sentrale staden. Slik fekk den
kristne kyrkjegarden tilknyting til dei heidenske gravene i bygda.
Post
1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post
3 Strand kyrkje
Post 4 Gravhaugar
Post
5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft