Tredje
kyrkja på same staden
Eldre
kyrkjer på staden
Frå skriftlege kjelder veit vi at det var kyrkje på
Strand rundt 1280 og at det høgst truleg har vore ei stavkyrkje.
Vi veit ingenting om det fyrste kyrkjebygget, heller ikkje kvifor
det vart rive på 1620-talet.
Den andre kyrkja var bygd av tømmer, tjørebreidd og
hadde rustraud takstein. Inne har ho ikkje vore heilt ulik Årdalskyrkja
med heile kyrkjerommet dekka av måla bilete. Snikkararbeidet
inne blei gjort av Laurits snikkar og alt målararbeid av Gottfried
Hendtzchel, båe mellom dei mest framifrå handverkarane
i Noreg i første halvdel av 1600-talet. Strand kyrkje fekk
private eigarar i 1720-åra. Dei nye eigarane makta ikkje vedlikehaldet
og kyrkja kom etter kvart i forfall. Ho blei kjøpt attende
til kommunen i 1866, riven og selt etter at den tredje kyrkja på staden var ferdig i 1874.
Den
noverande kyrkja
I 1864 blei det sett fram forslag om å byggja ei ny kyrkje
på Strand. Teikningar og kostnadsoverslag blei utarbeidd av
arkitekt Fredrik von der Lippe og låg føre allereie
i 1866 medan bygginga ikkje tok til før i 1873. Kyrkja er
ikkje ulik det som i Rogaland var den mest einerådande byggjestilen
på 1800-talet fram til 1880. Dei 30 kyrkjene, som låg
spreidd over heile fylket, hadde til felles at dei var bygde som
langkyrkjer av tømmer med saltak og liggjande panel. Utanom
tårnet i vest var det ein heil, kvitmåla bygningskropp.
Dei var teikna av lokale byggmeistrar på grunnlag av del typeteikningane
som var utarbeidd av slottsarkitekt Linstow. Strand kyrkje skil
seg frå denne stilarten mest av di sakristiet og koret i konstruksjonen
bryt med skipet. Inne i kyrkjerommet er dessutan koret smalare enn
skipet.
Inventar
frå 1600-tals kyrkja
Mykje av inventaret frå 1600-tals kyrkja som blei selt i 1874,
blei ført attende til kyrkja. Ein skal særleg merka
seg altertavla, preikestolen, bispestolen, galleri-pulpituret og
fyllingsfelta der. Eit restaureringsarbeid i 1926-27 og vedlikehaldsarbeid
i 1964 har gitt rommet den utsjånaden det har i dag.