|
To gravminne
frå jernalder
Jonsokhaugen
"Jonsokhaugen" ligg på "Halvdalarstykkje"
snautt 200 meter nord for Strand kyrkje. "Jonsokhaugen"
er ikkje utgraven, og det er derfor uråd å seia kor lenge
han har lege her, men vi kan vel nokså sikkert rekna med at
han er frå jernalderen (500 f.Kr. til 1000 e.Kr.).
Det er store dimensjonar på mange av gravminna. Tverrmålet
på "Jonsokhaugen" er 20 meter og høgda er 2
til 2,5 meter. Vi veit at denne og alle dei andre gravminna, blei
bygde berre med handamakt. Slett ikkje alle slekter rådde over
så mykje folk og eigedom at dei hadde råd til å
setja i gang slike i og for seg unyttige byggverk. For oss i våre
dagar er gravminna og det dei gøymer, svært viktige kjelder
for informasjon om førhistorisk tid.
Varhaug
Godt synleg på høgdedraget mot vest, heilt i motsett
retning av "Jonsokhaugen", ligg "Varhaug" Det
er og ein rund haug, 22 til 24 meter i tverrmål og 3 til 4 meter
høg. "Varhaug" er litt øydelagt i toppen.
Mellom anna er noko masse fjerna, og her ligg ei steinhelle omlag
2 x 1 meter og 20 cm tjukk. Heller ikkje "Varhaug" er undersøkt
av fagfolk, og det er uråd å seia noko meir om alderen
enn at vi trur han er bygd i jernalderen (500 f.Kr. til 1000 e.Kr.).
Sjølvsagt ville det vore interessant å grava ut nokre
av dei store gravminna, t.d. her på Strand, jamvel om ein aldri
på førehand kan vera viss på kva ein vil finna.
Men arkeologiske utgravingar kostar mykje pengar. Når eit fornminne
er utgrave er det dessutan øydelagt som primærkjelde
for alltid. Også vår generasjon har ansvar for at så
mange kulturminne som råd blir tatt vare på til glede
for kommande slekter.
|






|