|
Gardsanlegg
frå folkevandringstid og mellomalder
Gardsanlegget
på Løbrekk (post 2 på kartet til venstre) ligg
på eit høgdedrag med vidt utsyn nordover mot Tau. Det
er ikkje arkeologisk undersøkt. Ein kan sjå hus, gardfar
og gravhaugar.
Husa
Her er restar etter fem hus mellom 34 og 6 m lange og mellom 5 og
7 m breie. Dei fire lengste husa ser ut til å ha vore delte
inn i to rom, eitt for folk og eitt for dyr. Truleg har dei hatt indre
trevegger med ytre murar av stein til vern mot ver og vind, slik ein
kan sjå det på Ullandhaug i Stavanger.
Livberging
Noko av eit gardfar - eit nedrasa steingjerde - sør for tuftene
fortel at området må ha vore innhegna. Innanfor gjerdet
må dei ha dyrka korn. Dei vanlegaste kornslaga var bygg og havre.
Den gamle innmarka til denne garden er dyrka bort i ny tid. Utanfor
gjerdet må dei ha hatt dyr på beite. Dei må ha hatt
både kyr og sauer.
Når budde
det folk her?
I alle høve dei to lengste husa (1 og 3) må vera frå
folkevandringstida (ca. 400 - 600 e.Kr.). Det er gjort funn av keramikk
frå denne tida ved tilfeldig graving nær hus 3. Dei to
minste husa (2 og 5) kan vera frå høgmellomalderen (ca.
1000 - 1350 e.Kr.). Ved to høve har såleis folk slått
seg til her, men har måtta forlata staden att etter nokre generasjonar.
Vi veit ikkje kvifor garden vart liggande øyde.
Gravene
Like vest for tuftene ligg to store gravhaugar der dei som budde her,
gravla sine døde. Den eine haugen er 18 m vid og 3,5 m høg,
den andre er 14 m vid og 2,5 m høg. Dei er ikkje undersøkte
av arkeologar. Sør for den nye gardsvegen langs tuftene ligg
fleire mindre gravhaugar.
Helleristing
På ei stor flyttblokk like sørvest for tuftene er det
funne rissa inn ei fotsole. Den kan vera frå bronsealderen (ca.
1800 - 500 f.Kr.).
|