
Buplassen ved Tau-åna
5000 til 7000 år gamal
Buplassen blei påvist
ved ei arkeologisk registrering i 1985. Det er av tidligare grunneigar innlevert
flintfunn som kan vera frå same staden. Ved registreringa blei funne
om lag 40 flintfliser, dei fleste avfall etter reiskapsproduksjon. Saman
med funna låg det trekol frå båla på buplassen.
Sonderingane tyder på at buplassen låg i ei 15 m brei sone i
65 m lengd langs elva.
Buplassen
Buplassen (post 1 på kartet) låg på ein turr elvebrink
om lag 20 moh. Då folka budde her kan havet ha stått opp i Krossvatnet.
Vi kan sjå for oss buplassen på ei glenne ved elva. Her står
ei eller to enkle hytter av torv/skinn. Det ryk frå båla. Det
høyrest prat og latter frå plassen. Eit par vaksne og nokre
eldre born arbeider dei har vore på sjøen og fiska,
dei minste borna spring leikande omkring.
Dette var ein gunstig leirstad som truleg blei brukt fleire gonger. Funna
gjev førebels ingen sikre haldepunkt for datering, men det synest
rimeleg at buplassen har vore brukt i siste del av eldre steinalder for
5000 til 7000 år sidan.

Funna
Kva finn vi ved ei arkeologisk utgraving av ein steinalderbuplass? Vanlegvis
finn vi berre reiskapar og avfall laga i materiale som held seg, det vil
seia av flint, bergkrystall, kvarts, kvartsitt og skifer. Vi kan finna trekol
frå båla, forkola hasselnøttskall og sjeldnare brent
bein som fortel oss kva jaktvilt og fisk dei åt. Funna frå Svarthola
i Randaberg gjev utan samanlikning den beste informasjonen om dette i Sørvest-Noreg.
På buplassar i Danmark med uvanleg gode oppbevaringsforhold for organisk
materiale, er det ved utgraving funne reiskapar vi saknar: pilskaft, fiskeruser,
fiskekrokar av bein, hakker av gevir, snorer av planteteger, stokkebåtar,
padleårer osv.



Ved ei utgraving blir alle funna dokumenterte, slik at den vertikale og
horisontale fordelinga av funna seinare kan rekonstruerast. Det hjelper
oss til å forstå korleis folk har arbeidd og budd. Vi kan finna
staden der dei laga reiskapar ut frå konsentrasjon av flintavfall,
utbrukte skraparar kan liggja igjen der dei preparerte skinn, avbrotne pilespissar
ved bålet der jegeren varma opp harpiksen og sette inn ny pilespiss
i skaftet osv.
Det materialet som skal gje oss innsikt i den lange perioden som heiter
steinalderen, er svært fragmentarisk, Di fleire enkeltfunn som blir
registrerte og buplassar som blir granska, di sikrare og meir nyansert blir
kunnskapen vår om folka som budde der då.

Post
1 Steinalderbuplass
Post 2 Gardsanlegg
Post 2a Langhaug
Post 2b "Jonsok"haugen
Post
3 Strand kyrkje
Post
4 Gravhaugar
Post
5 "Ryttargrava"
Post 6 Nausttuft

Skinnskrapere

Bor

Pilespisser