
Strandgravfelt frå
eldre og yngre jernalder - omlag 300 e.Kr.- 900 e.Kr.
Gravfeltet på
Hå er eit av dei mange gravfelta i stranda frå Kvassheim i sør
til Sele i nord. På den fire mil lange strekninga er det registrert
omlag 600 graver. Dei fleste ligg i sjølve rullesteinsbeitet ut mot
havet.
Kven vart gravlagde
på Hå?
l 1950-åra vart Hå-gravfeltet utgrave. Her fann ein m.a. ut
at det i tida mellom 300 og 900 e.Kr. vart bygd omlag 60 gravrøyser
for i alle fall 100 personar. Mange røyser hadde fleire graver. I
røys nr. 1, rett nord for låvebrua, var det heile sju gravleggingar.
Dei fleste gravene er frå 400- og 500-tallet e.Kr. Gjenstandane som
vart funne, tyder på at mest 2/3 av gravene er kvinnegraver. Folk
som vart gravlagde på Hå-feltet må ha budd på gardane
i nærleiken og dei har truleg høyrd til dei øvre samfunnslaga.
Oppbygging og form
på gravrøysene
Den døde vart lagd i eit steinkammer på eit dekke av grov grus.
Rundt kammeret vart det bygd opp ei røys av stor rullestein. Til
slutt vart kammeret og røysa dekt av eit lag med grus.
Røysene har ulik form og storleik. Dei fleste er runde (28 stk.).
Andre har ei firkanta form, og dei største røysene (22 stk.)
er lagd slik at dei følgjer krumminga av stranda. Ei har form som
ein båt (nr. 29). Lengst i nordvest ligg to store trearma røyser.
Røysenes form
Gravminna på Hå er bygd opp att etter undersøkinga. I
dag ligg dei fleste slik dei har lege gjennom mange hundre år. I nokre
kan ein sjå eit eller fleire gravkammer.
![]() |
![]() |
![]() |
| Trekantgrav, nr. 28 på kartet | Rundgrav, nr. 35 på kartet | Langgrav, nr. 15 på kartet |
|
|
|