Gardsanlegg frå
eldre og yngre jernalder: 0mlag 200 e.Kr - 900 e.Kr.
l stroket kring Vigeså
er det restar av mange gardsanlegg frå jernalderen. Det har budd folk
her til ulike tider, men alle gardane ser ut til å ha vore i drift
i folkevandringstida (400 - 550 e.Kr.). Gardsanlegget på Storrsheia
vart arkeologisk undersøkt av museumsdirektør Jan Petersen
i 1929-30.
Husa
På Storrsheia har det i førhistorisk tid óg vore to
bruk, kan hende den gong óg skilde av ein gjennomgangsveg. Det er
restar av tre hus på begge bruka. Alle har hatt indre trevegger med
ytre murar av stein til vern mot vêr og vind. Dei lange husa var delte
i fleire rom, oftast av trevegger.
![]() |
Når var husa
i bruk?
Keramikkbitar frå hus nr. 3 og hus nr. 6 viser at dei var i bruk alt
i yngre romartid (200 - 400 e.Kr.), men hus nr. 3 er tidleg forlate. Dei
store hustuftene nr. 1, 4 og 5 var alle i bruk i folkevandringstida (400
- 550 e.Kr.). Bitar av klebersteinkar frå hus nr. 2 fortel at dette
huset var i bruk tidleg i eldre vikingtid (800 - 900 e.Kr.).
![]() |
|
Kva levde dei
av? Kvinnegrav
frå vikingtid Kvifor blei
gardane lagt øyde? Grannegarden
på Uadal |
|