
Gardsanlegg
frå romartid og folkevandringstid.
Omlag 200 e.Kr - 550 e.Kr.
Gardsanlegget på
Auglend ligg i kupert terreng med vidt utsyn mot dalen. Hustuftene vart
arkeologisk undersøkte av museumsdirektør Jan Petersen 1928-31.
Husa
Her er restar etter fire hus. Dei tre store har alle hatt indre trevegger med ytre murar av stein til vern mot vér og vind.
Når var dei i bruk? |
|
|
Interiør
Hus nr. 1 er 41 m langt og 7-8 m breitt, utan indre skillevegger av stein.
Golvet i vestenden av huset var dekt av flate steinar. Midt i huset var
berre den sentrale delendekt av stein med jordgolv langs veggene, i aust
var det berre jordgolv.
Det var fleire eldstader i huset, og det største var ei åregrue
på 2 x 1 m. Dei to andre langhusa hadde og fleire eldstader. Hus nr.
4 var delt i tre rom. Hus nr. 3 kan og ha vore bustadhus med ein eldstad
midt i huset.
![]() |
|
Livberging: Husdyr Dyrking av
jorda Funn Gravene |
|