
Fornminnefelt med
graver frå jernalderen. Om lag 500 f.Kr-1000 e.Kr.
På den store grussletta
som Hofreist-åna har bygd ut i Svelavatnet, har det vore fleire store
gravfelt. Mange av gravhaugane er fjerna ved dyrking i dette hundreåret.
Nokre få er granska av arkeologar. Ting som er funne ved nyrydding
og nydyrking tyder på at gravene er frå jernalderen (500 f.Kr.
- 1000 e.Kr.).
![]() |
![]() |
![]() |
Kva ser vi idag?
Vegen til Berland svingar seg rundt tre urørte gravhaugar. På
sletta like sør for tunet på garden Vigesdal ligg fem store
gravhaugar. Før 1910 var her 16 gravhaugar. Haug (2) har ein diameter
på 12 m, haug (3): 16 m, haug (4): 17 m, haug (5): 21 m og haug (6):
12 m.
![]()
|
Funn frå andre
gravhaugar
l ein haug som vart fjerna i 1910, vart funnen ei korsforma spenne og delar
av spannforma leirkar. Denne haugen må vera frå folkevandringstid
(400 - 550 e.Kr.). I ein annan haug er funne eit jernsverd og bitar av ein
skjoldbule. Her må ein mann vera gravlagd i vikingtida (800 - 1000
e.Kr.).
Då ein på 1970-talet plukka stein for dyrking av marka, vart
det funne eit bronsebeslag med dyreornamentikk. Det må vera frå
ei grav frå vikingtida (10).
Like ved løa på Vigesdal (7) vart det på 1950-talet funne
ei øks og eit sverd frå vikingtida.
Nede ved elveosen
er det funne eit hengebryne av skifer. Det er 5-6 cm langt med tydelege
slipespor. Brynet har vore brukt i yngre jernalder (550 e.Kr. -1000 e.Kr.).
Same staden er det og funne eit hengesmykke av svart skifer, ca. 5 cm langt.
Det er frå steinalderen (før 3000 f.Kr.).
Rydningsrøysar
og gamal kyrkjeveg
På den andre sida av elva har det vore eit
stort felt med rydningsrøysar. Her gjekk den gamle kyrkjevegen for
gardane på sørsida av elva lenger oppe i dalen. Denne holvegen
kan ein nå sjå langs elva 6-700 m lenger aust som ei renne i
marka opp til 40 cm djup.