
Fornminnefelt med gravhaugar og hustufter frå jernalderen
ca Kr.f.- 900 e.Kr.
Området
Gardane Hauge og Tu ligg på sørsida av høgdedraget mellom Anda og Tu, som hever seg over det flate Jærlandskapet. Frå desse gardane er det kjent mange fornminne. Dei rikaste funna frå eldre og yngre jernalder i området er komne for dagen her. Det tyder på at høgdedraget var eit sentrum for økonomisk, politisk og religiøs makt på Midt-Jæren. I området finst mineralrik jord veleigna for jordbruk, som var grunnlaget for den økonomiske makta i førhistorisk tid.
Gravhaugar frå
jernalder (nr. 1 på kartet)
l gravhaugen med bautastein blei det i 1886 funne restar av ei bronsespenne
og eit spinnehjul til ein handtein. Spenna daterer gravlegginga til 200-talet
etter Kristus. Funnmaterialet viser at ei kvinne blei gravlagt her i eldre
jernalder. Bautasteinen, som er reist i nyare tid, stod opphavleg på
garden Tu.
Kring 20 m nordaust for denne haugen ligg restane etter ein mindre gravhaug
som blei utgraven i 1906. Han inneheldt ei brent kvinnegrav frå yngre
jernalder (800 -1050 e.Kr.). Kvinna hadde fått med seg ovale spenner,
spinnehjul til handteinar, kniv, vevskei av jern og skår av to leirkar.
Alle gjenstandane var plasserte under ei steikepanne av jern.
Grønhaug og Tinghaug (nr. 2a og 2b)
Grønhaug er eit gravminne bygd over grava til ein mann som døydde ein gong i yngre jernalder. Bautasteinen er reist av utgravaren i 1879. Omlag 40 m sørsørvest for Grønhaug ligg Tinghaug, som er det høgaste punktet (102 moh.) på Låg-Jæren. Namnet og tradisjonen tyder på at området har vore tingstad. Sjå skilt ved Grønhaug. (Les mer om Grønhaug og Tinghaug)
Krosshaug (nr. 3)
Krosshaug inneheldt ei av dei rikaste kvinnegravene frå tidleg folkevandringstid (ca. 450 e.Kr.). På haugen står ein steinkross frå tidleg kristen tid (1000-talet e.Kr.). Sjå skilt ved haugen. (Les mer om Krosshaug)
Dysjane (nr. 4)
Dysjane er eit av fem ringforma tunanlegg på Jæren. Det består av 16 hustufter rundt eit ovalt tun og to gravhaugar. Anlegget er datert til perioden ca. Kr.f. - 400 e.Kr. Sjå skilt ved tunanlegget. (Les mer om Dysjane)