Gravhaug frå folkevandringstid.
Ca. 450 e.Kr.
Krosshaug Dysjane Grønhaug Tinghaug Oversikt

Gravhaugen
Krosshaug (nr. 3 på kartet) var opphavleg over 30 m i tverrmål og 5-6 m høg. Røysa som me ser i dag, var dekt av eit tjukt jordlag. Jord frå haugen blei i åra 1861-69 brukt til forbetring av åkrane. l 1868 stod berre den indre steinkjernen igjen. Då blei stein tatt til gjerdemateriale, og i 1869 trefte ein på store dekkheller som låg over eit gravkammer. Då hellene var fjerna, førte den hardhente utgravinga til store skadar på funnet. Restane av haugen med det opne gravkammeret ligg nå slik det blei forlate i 1869. I søraustre kant av haugen ligg restane av ein tysk bunkers frå andre verdskrigen.

Gravkammeret
Gravkammeret som er 4,65 m langt, 0,80 - 1,05 m breitt og 0,90 m djupt, inneheldt ei kiste av eiketre med lokk forma som eit hustak. Den gravlagde var ei kvinne kledd i festdrakt. Ho låg på ryggen med hovudet på ei fletta stråpute fylt med hår, innhylla i tepper og bjørneskinn. Kvinna var uvanleg rikt utstyrt, pynta med smykke av sølv og gull, og godt utrusta med husgeråd og reiskapar. Funna daterer grava til folkevandringstid, ca. 450 e.Kr.

Gravgodset
Draktsmykka var ei stor forgylt spenne av sølv, ei rund spenne av gull, to andre sølvspenner, to pyntefigurar og tre par hektespenner av sølv. Husgerådet bestod av ulike kar til oppbevaring av mat og drikke; eit hengekar av bronse, eit grønt glasbeger, eit spannforma kar og to kar med hank av keramikk, og eit trespann av barlind med bronsebeslag. Spinne- og vevereiskapar høyrde også med til utstyret.

Høvdingkvinne på Jæren?
Storleiken på Krosshaug og det rike gravgodset viser at kvinna som blei gravlagt her tilhøyrte det øvste sosiale sjiktet i nordisk folkevandringstid. Utstyret vitnar om kontaktar langt utanfor Jærens grenser. Hengekaret av bronse er eit provinsialromarsk arbeid frå Mellom-Europa, medan det grøne glasbegeret truleg er laga i Belgia eller Frankrike.
Frå Hauge/Tu-gardane er det kjent mange fornminne og rike funn. Det tyder på at Tinghaug-området har vore eit sentrum for økonomisk, politisk og religiøs makt på Midt-Jæren i jernalderen, kanskje eit høvdingsete. Kan det tenkjast at kvinna frå Krosshaug-grava var den lokale høvdingen eller enkja etter ein avliden høvding? Mangelen på like velutstyrte og sentralt plasserte mannsgraver på Midt-Jæren, samt påvising av mange rike kvinnegraver frå folkevandringstida, tyder på at kvinner hadde ein høg posisjon i samfunnet med arverett til eigedom.

Steinkrossen
Krossen som står på gravhaugen blei truleg reist 600 år etter at haugen blei bygd (1000-talet e.Kr.) i den tida landet blei kristna. Krosshaug kan derfor ha vore ein av dei første kristne samlingsstadene i Klepp. Det var vanleg å plassera dei første kristne symbola ved eldre heidenske sentralstader. Krossen blei øydelagt under St. Hans-feiring i 1855, men blei sett saman og reist igjen i 1937

 

 

Krosshaug, Klepp


Om fornminnefeltet
Dysjane
Grønhaug og Tinghaug
Krosshaug

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN