Gravminne og tingstad? Frå yngre jernalder.
Ca. 550 - 1050 e.Kr.
Krosshaug Dysjane Grønhaug Tinghaug Oversikt

Grønhaug
Grønhaug (2a på kartet) er ein stor gravhaug med tverrmål på 20 m og høgd på 2,5 m. Haugen blei undersøkt av Lorange i 1879. Gravminnet var reist over ein mann som døydde i vikingtida (800 - 1050 e.Kr.). Den døde hadde fått med seg sverd og skjold, jernbeslag til eit trekar, klinknaglar, ein hest og nokre jernreiskapar.
Gravleggingsmåten var vanleg i yngre jernalder. Eit særtrekk ved gravskikken var nedlegging av store mengder reiskapar i gravene. Ein plasserte ofte gravene på stader som var godt synlege i terrenget, slik vi har døme på her. Men det var berre velståande slekter som hadde råd til å byggja slike store gravminne og utstyra dei med rikt gravgods. Den 1,4 m høge bautasteinen som står på haugen er reist av Lorange. Han fekk rissa inn namnet sitt i runer og årstalet for utgravinga.

Tinghaug
Kring 40 m sørsørvest for Grønhaug ligg Tinghaug (2b på kartet), som er det høgaste punktet på Låg-Jæren (102 moh.). Herfrå er det vidt utsyn over Jæren og Nordsjøen. Tidlegare låg det ein liten gravhaug på toppen av Tinghaug. Namnet tyder på at området har vore nytta som tingstad på Midt-Jæren.

Gullgubbar
l sørvestskråninga av Tinghaug blei det i 1897 funne 16 små tynne gullblikkplater, også kalla gullgubbar. Dei er laga i siste halvdel av 700-åra etter Kristus. Gullgubbar førekjem aldri i graver, men er funne i åkrar og hustufter på Bornholm, i Sverige, på Hov ved Lillehammer og i Hemne i Sør-Trøndelag. Derfor trur ein at gullgubbane blei produserte for å leggjast ned som offergåver til ein bestemt guddom.

Kultstad ved Tinghaug?
Motivet på platene er ein mann og ei kvinne som står overfor kvarandre. Det er truleg henta frå eddadiktet Skirnismål som skildrar møtet mellom guden Frøy og brura hans, den fagre jotunmøya Gerd. Frøy var guden for vokster og grøderikdom og Frøykulten er sentrert kring årstidene si veksling og livssyklusen.
Kanskje var det ein heilagdom for guden Frøy ved Tinghaug. Stadnamn samansette med Frøy som Frøyland og Frøylandsvatnet like ved, tyder på det. Gullgubbane blei truleg lagde ned i åker som offer til Frøy for å skapa gode vekstvilkår rundt Tinghaug, det religiøse og politiske midtpunktet på Jæren.


Motiv frå ei av gullblikk-platene. Guden Frøy møter jotunmøya Gerd

 

Grønhaug og Tinghaug


Om fornminnefeltet
Dysjane
Grønhaug og Tinghaug
Krosshaug


Tinghaug

 

 


< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN