Ringforma tunanlegg frå eldre jernalder.
Ca. Kr.f. - 400 e.Kr.

Krosshaug Dysjane Grønhaug Tinghaug Oversikt

Kva ser vi her?
Dysjane (nr. 4 på kartet) er eit av i alt fem ringforma tunanlegg på Jæren.
Det består av 16 hustufter og to gravhaugar. Hustuftene ligg i to halvsirklar rundt ein oval plass med ein open gavlvegg inn mot plassen. Midt i tunet finst ein haug, kanskje ein gravhaug. Tunet er stengt i aust av eit steingjerde, og i nordaust ligg ein låg stjerneforma gravhaug. Ein markert inngang opnar mot vest. Anlegget blei delvis undersøkt av Nicolaysen i 1869 og Bendixen i 1879. l tuftene blei det funne smykke av sølv, jernbitar og leirkarskår. Utanfor anlegget i sørvest ligg 6 gravhaugar.

Husa
Hustuftene er 12 - 20 m lange, 6 - 10 m breie og 0,5 - 1,25 m høge. Det finst ingen opplysningar om huskonstruksjonane fordi utgravarane trudde del undersøkte gravhaugar. Men utgravinga av eit tilsvarande tunanlegg; Klauhaugane på Auda-Motland i Nærbø, avdekka fleire byggetrinn oppå kvarandre. Dei eldste husa var bygd av tre, medan dei yngste hadde ytre murar av stein med trevegger innanfor. Berre gavlveggen der døropninga var, mangla steinmur. Kvart hus inneheldt eit rom med ein eller to eldstader midt på golvet. Taket blei halde oppe av parvis stilte stolpar.

Gravene
Ein av dei to haugane i Dysjane-anlegget er arkeologisk undersøkt. I den stjerneforma haugen fann Nicolaysen eit kollag, som kan vera restar av ei grav. Det er mindre sannsynleg at rundaugen midt på tunet er eit gravminne, fordi ein tilsvarande undersøkt haug på Klauhaugane inneheldt store mengder keramikk. Keramikkskåra er tolka som restar etter ofringar og rituelle måltid. Dei 6 haugane utanfor tunanlegget inneheld truleg graver. Det var kanskje her folka på Dysjane gravla sine døde.

Når var tunanlegget busett?
Leirkarskår frå undersøkingane på Dysjane er datert til eldre romartid ( Kr.f. - 200 e.Kr.), medan funn frå Klauhaugane tyder på ein busetnadsperiode frå Kristi fødsel til år 400 etter Kristus. Dysjane-anlegget var truleg også i bruk så lenge.

Tunanlegga sin funksjon
Ulike teoriar er sette fram om kva dei ringforma tunanlegga blei brukte til; landsbyar med folk som dreiv jord- og februk, samlingsstad for ting og religiøse handlingar og militær forlegning.
Tunanlegga i Rogaland kan ha fungert som landsbyar der det budde folk som levde av jord- og februk. Likevel har truleg forsvarsomsyn lege bak måten ein plasserte husa på. Kanskje stod den lokale høvdingen bak byggjinga av slike anlegg, som i ufredstider kunne husa våpenføre menn? Dysjane ligg midt i maktsenteret på Jæren i eldre jernalder, nær ein gammal tingstad. Derfor var truleg andre funksjonar i tillegg til vanleg jordbruksverksemd, knytta til tunanlegget her.

 

Dysjane, Klepp


Om fornminnefeltet
Dysjane
Grønhaug og Tinghaug
Krosshaug


Ringforma tunanlegg i Rogaland

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN